Kva er Coaching
Med eit enkelt språk kan me sei at coaching er eit verktøy som får deg til å bli betre kjent med deg sjøv og dine ressursar.
Coaching bryt ned avgrensande tankemønster og haldningar og bevisstgjer deg på ansvarlegheit og det å ta valg.
Omgjevnadane er me ikkje herre over, men me kan styre korleis me vil forholda oss til dei. Gjennom coaching blir du bevisst på kva som styrer ditt liv.
Gjennom coachingen vil du bli høyrt og sett , utfordra og støtta på vegen til dei måla du set deg.
Det handlar om læring og handling.
Coaching er ikkje terapi – me skal ikkje reparere noko. Me skal heller ikkje endre deg som person, i staden hentar me fram det du allereie har i deg.
Det handlar om
- Verdiar – kva er viktig for deg
- Ansvarlegheit – du er ansvarleg i ditt liv
- Å sette mål – dine mål
- Ta valg – dine valg
Fokus er notid og framtid