Om MYcoach
MYcoach er Marit Ystanes.
Eg er sertifisert coach – Certified Professional Co-active Coach (CPCC) og Associate Certified Coach ( ACC).
Min jobb er å samarbeide med menneske som deg. Saman utforskar, bevisstgjer og tek me fram ditt potensiale slik at du kan leva eit best mogeleg liv i dag!
Det handlar om å finne ”ro i skrotten”. Ein slik ro gjer det lettare å ta valg, møte utfordringar og takle dei, akseptere det som èr, sette fokus på muligheitene og ikkje minst gledene.
Dette brenn eg for og derfor har eg valgt coaching som min leveveg - verdas finaste jobb!
Min bakgrunn er
- Høgskuleutdanning innan økonomi og administrasjon.
- Over 20 års erfaring i det private næringsliv innan salg, marknadsføring, prosjektleiing og administrativ leiing.
- Utdanna og sertifisert coach (CPCC) gjennom CTI – Coaches Training Institute – den første og ein av verdas leiande utdanningsinstitusjonar innan coaching.
- Medlem, godkjent og sertifisert gjennom ICF – International Coach Federation – sertifiseringsgrad ACC. ICF er ein sterk internasjonal interesseorganisasjon for coachingbransjen som arbeider med å sikre eit faglig og etisk høgt nivå.

I tillegg har eg mykje livserfaring - eg har:
- Vore forsiktig
- Tatt sjansar
- Feila
- Hatt suksess
- Hatt enormt mange gleder
- Møtt motgang og erfart stor sorg
Med andre ord: Eg har levd i livet.