Velkomen til MYcoach Marit Ystanes! 

Eg jobbar med individuell coaching, coaching av leiarar/mellomleiarar, og med utvikling av grupper og team. 

"I am the lighthouse that guides people home." 

Individuell coaching

Det du fokuserer på blir det meir av!

Eg hjelper deg å tenke større og våge meir! 

Endring startar oftast når me er klare for å sjå ting frå nye synsvinklar, nye perspektiv - det opnar nye moglegheiter og me sett nytt fokus! 

  • Føler du deg fastlåst? Tid for sporskifte?
  • Treng du påfyll av positiv energi?
  • Manglar du motivasjon og glede på jobben eller privat?  
  • Lar du omgjevnadane styre deg og dine valg
  • Treng du hjelp til betre sjølvfølelse, sjølvbilde - til å kjenne at du er god nok - at du er nok?
  • Ber du på ein draum men manglar mot til å ta steget?  
  • Klar for nytt karrierevalg? 
  • Ynskjer du å bli tryggare, tydelegare og modigare i leiarrolla
  • Ynskjer du meir kraft og samarbeid i teamet ditt

Min "drivar" som coach er: Eg trur at ditt potensiale er større enn det du ser sjølv! Eg trur at når du vågar vera deg sjølv på ekte, er ansvarleg i eige liv, tek bevisste valg og er "skipper på eiga skute" - så er alt mogeleg!

Ta kontakt for ein uforpliktande prat.

Bedrift - Organisasjon - Grupper og Team

Sjølvleiing, ansvarlegheit og val er også grunnstamma i mitt arbeid med grupper og team. 

 

TA STEGET - TA KONTAKT: 

E-post:  marit@ystanes.com   

Mobil: 926 82 815

 

Postadresse : MYcoach Marit Ystanes, Skjerpestunet 29, 5710 Skulestadmo

Kontoradresse 1: Vossabygg 19, 4.etg hjå Vossaklinikken AS - 5700 Voss 

Kontoradresse 2: Lofthus, Hardanger

Teamutvikling og Konfliktløysing er noko av det eg jobbar med i bedrifter og organisasjonar. Eg skreddarsyr opplegg tilpassa behov, og held 3 timars og 6 timars samlingar. Det er interaktive workshops, med aktiv deltaking frå alle, mykje moro, god energi, nye oppdagingar, ny læring - som fører til ny handling og nye resultat.  

Eit lite møte med meg får du her: 

Sertifisert coach - CPCC og Professional Certified Coach frå ICF, Internasjonal Bransjeforening for profesjonelle coachar - og Certified Points of You Trainer. 

Points of You - Kreative verktøy for læring og utvikling 

Points of You Ltd utviklar unike, kraftfulle og kreative verktøy som opnar opp for betre kommunikasjon, nye synsvinklar, går forbi logikk og gir ny innsikt. Dei er effektive i HR arbeid, i strategiarbeid, kreative prosessar, vanskelege samtalar og mykje meir. Som ansvarleg for Points of You Ltd Norway er eg sertifisert trenar, og står for salg og distribusjon i Norge. 

Du kan lese meir om dette her: http://www.points-of-you.no